language:  | nor  | eng      
360 visning  |  Nyheitsbrev  |  Balejazz  |  Linkar  |  Kontakt      

 
 
Vrængte Bila - audiovisuell utstilling av Knut Bry



Vrængte Bila er ei audiovisuell utstilling laga av den verdskjende fotografen Knut Bry. I perioden 20.juni til 16.august viser vi utstillinga kvar kveld kl. 1800 i Kviknesalen.


Ei spektakulær oppleving og til ettertanke for oss alle.Under eit regn av gnister har Bellonas bilpatologar delt to bilar på langs. Ein Volkswagen Touran frå 2007 og ein Volkswagen Passat frå 1988 har blitt demontert ned til minste detalj i løpet av eit par veker. Alt fanga av Knut Bry sitt kamera.

Hensikten med bildelingen har vore å avdekka kva miljøgifter ein bil inneheld, opplyse folk om desse giftstoffa, og å få endre regelverket rundt gjenvinning av biler. Å sjå ein vrengt bil frå innsida gir oss alle perspektiver på kor omfattande og farleg det søppelberget vi etterlet oss er.

I ein vanleg 2007-modell har Bilpatologene funne kretskort tilsvarande fem bærbare pc-er, 1,5 kilometer med elektriske kablar, og 150 kilo plast. Elektronikk i dagens bilar inneheld blant anna store mengder av miljøgifta brommerte flammehemmere, som kan påverke våre arveegenskaper. Når denne miljøgifta kjem frå PC-ar og anna elektronisk avfall, vert dei sortert nøye, men ikkje frå bilar. 


Om fotograf Knut Bry (f.1946):
Knut Bry er ein internasjonalt anerkjend fotograf med eit sterkt miljøengasjement. Han har følgd Bilpatologene tett i dei to vekene det tok å demontere bilane. Bilda i utstillingen viser hans perspektiv på prosessen gjennom dokumentarfoto så vel som bilder med kunstnerisk vri.
Bry har tidligare stilt ut fotografier av matavfall på Stenersenmuseet, som ein kommentar til forbrukarsamfunnets bruk og kast-mentalitet.


Utstillingsåpning laurdag 20.juni kl 18.00.



10.06.2009


<< Fleire...

 
 
 
 
        Login  Kviknes Hotel - Kviknevegen 8 - Postboks 24, N-6898 Balestrand - Tlf: + 47 57 69 42 00  - Fax: + 47 57 69 42 01 - E-post